HOME DATES NEWSLETTER BOOKINGFORM CONTACT LINKS LOGIN POSSIBILITY - HIHAT  
SIDE BROK
::BIO ::PIX
::MUSIC ::DISC
::DIARY ::RIDERS
::PLAYLIST ::PRESS

ROSTERS
SIDE BROK
:: BIOGRAPHY Ein likandes gjeng!

Eit år etter at debut-EPen slo ned som ei bombe i hip-hop krinsar er Side Brok tilbake: Rusta til tennene med verbale våpen og tungt, rytmisk artilleri.
Singelen “1, 2, 3, fyre” er nedteljinga før Side Brok tar av med ein longspelar på nyåret. Side Brok kjem med hip-hop frå Hovdebygda og vil revolusjonere musikkverda...

Ho Besta ante nok ikkje at lefsene hennar ville fóre ein hip-hop revolusjon; men det var der i stova hennar i Hovdebygda, like nedanfor huset til han Onkel Ivar (Aasen) at Sjef R og Skatebård mellom munnfullane av lefse og søst formulerte dialektrap slik du aldri har høyrt det før:
- "SkalŽkje me ta å lage ei rapgruppe der me berre rappar om Hovdebygda og oss sjølve, og so kan me heite Side Brok og tjene jevlig mykje pengar og køyre rundt inn i Vik i store, dyre bilar?"
- "De e pinade greitt, det!"
Thorstein Hyl den tredje var sjølvskreven kjeftesmellar (han er no slik ein likandes kar), Skatebård tok takta, Sjef R blei sjef og tilsaman vart dei Side Brok.
Side Brok har litt å slekte på, og det er ikkje til å legge skjul på at grand-grand-grand onkel  Ivar Aasen er ei stor inspirasjonskjelde. Musikalsk kan ein sjå Side Brok som eit møte mellom dei levande Ørsta-legendene i Baarelaget og N.W.A. anno 1991. Men vestkyst-rap etter Side Brok si oppskrift er endå meir hardkokt.
Sidan konsertdebuten som oppvarmingsnummer for ei polsk stripperske på eit forsamlingshus  på ei av bygdene i Ørsta, har eit breiare publikum oppdaga Side Brok: NRK Urørt har gjort “Det e Thorstein Hyl” og “Ein likandes kar” til sine yndlingar.
Til dei som enno ikkje har fått tak i EPen med “Det e Thorstein Hyl” og “Ein likandes kar”: Gløym det! Plata er umuleg å oppdrive. Heile opplaget blei rive vekk som nysteikte sveler på ferja til Eiksund. Men gråt ikkje: låtane vil vere å finne på den komande longspelaren. Dessutan har Ralph Myerz gjort ventetida litt meir uthaldeleg; på kjøpet med “1, 2, 3, fyre” vil du få to remiksar av “Ein likandes kar” signert Ralph Myerz.

 

  HOME ARTISTS DATES NEWSLETTER BOOKINGFORM NEWSARCHIVE CONTACT LINKS LOGIN
www.tiktak.no is powered by FleksibelNet ©2002-2003 | Design by dunder.no